5 Då vi kom til Makedonia, vart det heller ikkje lettare for oss. Vi møtte berre vanskar; det var strid ikring oss og angst i oss.
6 Men Gud som trøystar dei nedbøygde, gav oss nytt mot då Titus kom,
7 ikkje berre med at han kom, men òg fordi han hadde fått nytt mot hjå dykk. Han fortalde korleis de lengta og trega, og kor heilhuga de no står saman med meg. Dette gledde meg endå meir.
8 Om eg gjorde dykk sorg med brevet mitt, så angrar eg ikkje på at eg skreiv det. Ei stund angra eg nok på det, for eg veit at brevet gjorde dykk sorgfulle med det same.
9 Men no er eg berre glad, ikkje fordi eg gjorde dykk sorg, men fordi sorga dreiv dykk til omvending. For dette var ei sorg etter Guds vilje; difor har vi ikkje gjort dykk nokon skade.
10 For sorg som er etter Guds vilje, fører til omvending og frelse, som ingen angrar. Men verdsens sorg fører til død.
11 For sjå, det at de fekk sorg etter Guds vilje, kor stor ihuge skapte ikkje det, ja, otte, harme og forsvar, lengting, alvor og vilje til å straffa. På alle måtar har de synt at de er utan skuld i denne saka.