1 No skal de få høyra, brør, om den nåde Gud har synt kyrkjelydane i Makedonia.
2 Dei har vore hardt prøvde, men den overstrøymande gleda deira og den djupe fattigdomen har gjort dei rike og viljuge til å gje.
3 For dei gav etter evne, det kan eg vitna, ja, over evne, og det friviljug.
4 Dei bad inderleg om lov til å få vera saman med oss i denne tenesta for dei heilage.
5 Og dei gav ikkje berre så som vi vona, men dei gav seg sjølve, fyrst til Herren og så til oss, som Gud vil det.
6 Difor bad vi Titus gjera ferdig den gåva som han før hadde teke til å samla inn hjå dykk.