9 De kjenner vår Herre Jesu Kristi nåde, at han for dykkar skuld vart fattig då han var rik, så de ved hans fattigdom skulle verta rike.
10 Eg seier mi meining om dette; det kan vera til gagn for dykk, de som i fjor gjekk inn i arbeidet og la godviljen til.
11 No gjeld det å fullføra verket. Liksom de var viljuge til å gå i gang, må de no vera viljuge til å fullføra, alt etter den råd de har.
12 For når den gode viljen er der, skal han verdsetjast etter det ein har og ikkje etter det ein ikkje har.
13 For det er ikkje så meint at andre skal få hjelp, og at de skal ha det trongt; det skal vera likt.
14 Denne gongen er det de som har overflod og kan hjelpa dei som lid naud. Ein annan gong har dei overflod og kan hjelpa dykk når de lid naud. Då vert det likskap,
15 som skrive står:Den som fekk mykje,hadde ikkje meir enn han trong,og den som fekk lite,vanta ikkje noko.