7 Men han berga den skuldlause Lot, som leid når han såg kor vilt dei levde, desse agelause menneska.
8 Ja, denne rettferdige mannen, som budde midt imellom dei, pintest dag ut og dag inn i si rettferdige sjel når han såg og høyrde alt det vonde dei gjorde.
9 Så veit då Herren å fria dei gudfryktige ut or prøvingar, men å halda dei vonde i varetekt til straffa på domedag,
10 fyrst og fremst dei som fylgjer si ureine, sanselege lyst og vanvørder det herreveldet dei har over seg.Desse menneska er frekke og sjølvtrygge, og utan å skjelva spottar dei englemakter.
11 Ikkje eingong englar, som står høgare i makt og styrke, kjem med spottande ord når dei klagar dei for Herren.
12 Men desse spottar det dei ikkje kjenner; dei er som vitlause dyr, av naturen etla til å fangast og gå til grunne. Så skal dei òg gå under i sitt forfall
13 og lida vondt for det vonde dei har gjort. Det likaste dei veit, er å svira midt på ljose dagen. Dei er til skam og vanære for dykk når dei et saman med dykk og finn si glede i å fylla seg.