1 Dette er no alt det andre brevet eg skriv til dykk, de kjære. Med desse breva ville eg vekkja dykk opp, så de kan vera reine i hug og tanke. Eg vil minna dykk om
2 det dei heilage profetane har sagt, og om det bodet dykkar eigne apostlar har frå Herren og Frelsaren, dette må de koma i hug.
3 Fyrst og fremst skal de vita at i dei siste dagar skal det koma folk som fer med spott og fylgjer sine eigne lyster.
4 Hånleg seier dei: «Kva med lovnaden om at han skal koma att? Fedrane våre er døde, men alt er som det har vore frå verda vart skapt.»
5 Dei som seier så, gløymer at himlar var det frå eldgamal tid og ei jord som i kraft av Guds ord steig opp or vatnet og vert halden oppe ved vatn.
6 Og ved vatn gjekk den fyrste verda under då ho vart overfløymd.
7 Men dei himlar og den jord som no er, har dette Guds ord spart til elden; dei vert haldne oppe til domedag då dei gudlause skal gå fortapt.