9 Det er ikkje så som somme meiner, at Herren er sein med å oppfylla lovnaden. Nei, han er tolmodig med dykk og vil ikkje at nokon skal gå fortapt, men at alle skal nå fram til omvending.
10 Men Herrens dag skal koma som ein tjuv. Då skal himmelen forgå med eit brak, elementa skal koma i brann og løysast opp, og jorda og alle gjerningane som er gjorde på jorda, skal koma fram i ljoset.
11 Når no alt dette skal gå i oppløysing, kor heilagt og gudfryktig må de ikkje då leva,
12 medan de ventar på at Guds dag skal koma, og skundar han fram. Då skal himlane øydast i eld og elementa brenna og bråna.
13 Men vi ser fram til det han har lova: ein ny himmel og ei ny jord, der rettferd bur.
14 Difor, mine kjære: Sidan de ventar på dette, må de leggja vinn på å verta ståande for han med fred, utan flekk og lyte.
15 Og når Herren i sitt langmod dryer med å koma, skal de sjå det som eit høve til frelse. Det same har vår kjære bror Paulus skrive til dykk, ut frå den visdom han har fått.