9 Straffa deira skal vera ei evig fortaping borte frå Herrens åsyn og frå hans herlegdom og makt,
10 den dagen han kjem og skal lovprisast mellom sine heilage og møtast med tilbedande undring av alle som trur. Og de har trutt det vitnemålet vi bar fram.
11 Difor bed vi alltid for dykk at vår Gud må gjera dykk verdige til det kallet de har fått, fylla dykk med all vilje til det gode og med kraft fullføra hjå dykk dei gjerningar som kjem av tru.
12 Då skal vår Herre Jesu namn verta æra hjå dykk, og de får del i hans ære, ved vår Guds og Herren Jesu Kristi nåde.