1 Når det gjeld vår Herre Jesu Kristi kome og korleis vi skal samlast med han, bed vi dykk, brør:
2 Lat dykk ikkje så lett driva frå vitet, og lat dykk ikkje skræma, korkje av åndsopenberringar, av påstandar, eller av brev som seiest vera frå oss, om at Herrens dag er komen.
3 Lat ingen dåra dykk på nokon måte! For fyrst må fråfallet koma og Den Lovlause syna seg, han som endar i fortaping,
4 han som står imot og opphøgjer seg over alt det som menneske kallar gud og tilbed. Ja, han set seg i Guds tempel og gjer seg sjølv til gud.