3 For det skal koma ei tid då folk ikkje toler den sunne læra, men etter eigen hug tek seg lærarar i hopetal, for dei vil ha det som klår i øyra.
4 Dei skal venda øyra frå sanninga og halda seg til mytar.
5 Men ver du vaken i alt det du gjer! Lid vondt, gjer ein evangelists gjerning og fullfør di teneste!
6 Eg skal no ofrast, og tida er komen då eg skal fara herifrå.
7 Eg har stridt den gode striden, fullført laupet og halde fast på trua.
8 Så ligg då rettferdskransen ferdig til meg, den som Herren, den rettferdige domaren, skal gje meg på den store dagen, og ikkje berre meg, men alle som har elska han og venta på at han skal koma i herlegdom.
9 Du må koma til meg så snøgt du kan.