1 Den eldste helsar den kjære Gaius, som eg elskar hjarteleg.
2 Kjære ven, mest av alt ynskjer eg at du må få vera frisk og ha det godt, like godt som du har det åndeleg.
3 Eg vart inderleg glad då nokre av brørne kom og fortalde kor trufast du er mot sanninga; den lever du i.
4 Ikkje noko gleder meg meir enn å høyra at borna mine lever i sanninga.
5 Kjære ven, du er trufast i all di gjerning for brørne, ja, jamvel for dei som er framande.