5 Kjære ven, du er trufast i all di gjerning for brørne, ja, jamvel for dei som er framande.
6 I kyrkjelyden her har dei vitna om din kjærleik. Du gjer vel om du hjelper dei vidare på ferda, som rett er for Gud.
7 Det var for å forkynna Namnet dei drog ut, og dei tek ikkje imot hjelp frå heidningane.
8 Difor bør vi ta oss av dei, så vi kan vera medarbeidarar for sanninga.
9 Eg har skrive nokre ord til kyrkjelyden. Men Diotrefes, som gjerne vil vera den fremste der, vil ikkje ha noko med oss å gjera.
10 Når eg kjem, skal eg minna han om det han har gjort. For han fer med stygg baktale om oss. Men han nøyer seg ikkje med det. Sjølv nektar han å ta imot brørne, og når andre vil gjera det, hindrar han dei og støyter dei ut or kyrkjelyden.
11 Kjære ven, ta ikkje det vonde til føredøme, men det gode! Den som gjer det gode, er av Gud. Den som gjer det vonde, har ikkje sett Gud.