1 I den fyrste boka mi, Teofilus, skreiv eg om alt det Jesus gjorde og lærte,
2 frå det fyrste og heilt til den dagen han vart oppteken til himmelen. Før det hende, hadde han ved Den Heilage Ande gjeve sine påbod til dei apostlane som han hadde valt ut.
3 Etter at han hadde lide og døytt, steig han fram for dei og gav dei mange klåre prov på at han levde. I førti dagar synte han seg for dei og tala om det som har med Guds rike å gjera.
4 Ein gong han åt saman med dei, sa han: «De skal ikkje fara bort frå Jerusalem, men venta på det som Faderen har lova og som eg har tala om.
5 For Johannes døypte med vatn; men de skal døypast med Den Heilage Ande om nokre få dagar.»