19 Alle som bur i Jerusalem, fekk vita dette, og dei kallar åkeren på sitt eige mål Hakeldama, som tyder Blodåkeren.
20 For det står skrive i Salmane: Lat garden hans liggja aud, ingen skal bu der, og: Lat ein annan få hans tilsynsembete!
21 No er det nokre menn her som var saman med oss heile den tida Herren Jesus gjekk inn og ut mellom oss,
22 frå han vart døypt av Johannes og til den dagen han vart oppteken ifrå oss. Ein av dei lyt saman med oss vera vitne om oppstoda hans.»
23 To menn vart kalla fram: Josef Barsabbas med tilnamnet Justus, og Mattias.
24 Og dei bad: «Herre, du som kjenner alle hjarto, syn oss kven av desse to du har valt ut
25 til å ha den tenesta og det apostelembetet som Judas gjekk ifrå då han fór til sin stad!»