10 Då vart han svolten og ville få seg mat. Medan dei laga til maten, kom det ei bortrykking på han,
11 og han såg himmelen open og noko koma dalande ned; det såg ut som ein stor duk som vart firt ned på jorda etter dei fire hjørna.
12 I duken var det alle slag dyr som lever på jorda, firføtte dyr og krypdyr, og alle slag fuglar som flyg under himmelen.
13 Og det kom ei røyst som sa: «Stå opp, Peter! Slakt og et!»
14 «Nei, nei, Herre!» svara Peter, «aldri har eg ete noko vanheilagt eller ureint.»
15 Då tala røysta til han andre gongen: «Det som Gud har lyst reint, skal ikkje du halda for ureint.»
16 Dette hende tre gonger, og så vart duken teken opp att til himmelen.