32 Send bod til Jaffa og bed Simon som har tilnamnet Peter, koma hit! Han held til hjå garvaren Simon, som bur nedmed sjøen.
33 Då sende eg straks bod etter deg, og du gjorde vel som kom. Så står vi då alle her for Guds åsyn og vil høyra alt det som Herren har gjeve deg påbod om å seia.»
34 Då tok Peter til ords og sa:No skjønar eg i sanning at Gud ikkje gjer skil på folk,
35 men tek imot alle som ottast han og gjer det som rett er, kva folkeslag dei så er av.
36 De kjenner det ordet han sende til israelittane, evangeliet om fred ved Jesus Kristus, han som er Herre over alle.
37 De veit om det som tok til i Galilea etter at Johannes hadde forkynt dåpen sin, og som sidan spreidde seg over heile Judea,
38 det at Jesus frå Nasaret vart salva av Gud med Den Heilage Ande og kraft, og at han gjekk ikring og gjorde vel og lækte alle som djevelen hadde fått i si makt; for Gud var med han.