1 Apostlane og dei brørne som heldt til rundt ikring i Judea, fekk høyra at heidningane òg hadde teke imot Guds ord.
2 Og då Peter kom opp til Jerusalem, klandra dei omskorne han
3 og sa: «Du har gått inn i huset til folk som ikkje er omskorne og ete saman med dei.»
4 Då tok Peter til ords og greidde ut for dei alt frå fyrst til sist:
5 Eg var i Jaffa, sa han, og medan eg bad, kom det ei bortrykking på meg, og eg hadde eit syn. Eg såg noko koma dalande ned; det såg ut som ein stor duk som vart firt ned frå himmelen etter dei fire hjørna, og det kom heilt ned til meg.
6 Eg feste augo på det og såg vel etter, og då fekk eg sjå dei firføtte dyra på jorda, dei ville dyra, krypdyra og fuglane som flyg under himmelen.