21 Og Herrens hand var med dei; ei heil mengd kom til tru og vende om til Herren.
22 Gjetordet om det som hadde hendt, nådde kyrkjelyden i Jerusalem, og dei sende Barnabas til Antiokia.
23 Då han kom dit og såg kor nådig Gud hadde vore, vart han glad, og han mana dei alle til å halda fast ved Herren av heile sitt hjarta.
24 For han var ein god mann, fylt av Den Heilage Ande og tru. Og mange menneske vart vunne for Herren.
25 Sidan drog han til Tarsus og ville leita opp Saulus,
26 som han fann og tok med seg til Antiokia. Der var dei no eit heilt år saman i kyrkjelyden og gav mange menneske opplæring i trua. Og der, i Antiokia, var det at læresveinane fyrst vart kalla kristne.
27 På den tid kom det nokre profetar frå Jerusalem til Antiokia.