27 På den tid kom det nokre profetar frå Jerusalem til Antiokia.
28 Ein av dei, han heitte Agabus, stod fram og varsla gjennom Anden at det skulle koma uår og svolt over heile verda. Det var den som kom då Claudius var keisar.
29 Då vart læresveinane samde om at kvar av dei etter evne skulle vera med og hjelpa brørne i Judea.
30 Det gjorde dei, og dei sende gåva med Barnabas og Saulus til dei eldste.