16 Sidan vil eg koma attog reisa Davids falne hytte.Det som er nedrive, ¬byggjer eg opp;eg reiser det på nytt,
17 så alle andre menneske ¬kan søkja Herren,alle folkeslag som mitt namn ¬er nemnt over.Så seier Herren som gjer dette,
18 det som er kjent ¬frå æve av.
19 Difor meiner eg at vi ikkje skal laga vanskar for dei heidningane som vender om til Gud.
20 Men vi skal skriva til dei at dei skal halda seg frå det som er sulka med avgudsdyrking, frå hor, frå kjøt av dyr som er strøypte, og frå blod.
21 For Moses har frå gamal tid i alle byar hatt dei som forkynner han; kvar sabbat vert han opplesen i synagogene.»
22 Då vedtok apostlane og dei eldste, saman med heile kyrkjelyden, å velja ut nokre menn og senda dei til Antiokia i lag med Paulus og Barnabas. Dei valde Judas, som vart kalla Barsabbas, og Silas; begge desse var vørde menn mellom brørne.