27 Så sender vi Judas og Silas; dei skal munnleg bera fram det som står i brevet.
28 Den Heilage Ande og vi har vedteke at det ikkje skal leggjast på dykk andre bører enn det som er naudsynt:
29 at de held dykk frå offerkjøtet åt heidningane, frå blod, frå kjøt av dyr som er strøypte, og frå hor. Tek de dykk i vare for slikt, kjem det til å gå dykk godt. Lev vel!
30 Så sende dei mennene av stad, og dei kom til Antiokia. Der kalla dei saman kyrkjelyden og gav dei brevet.
31 Dei las det og vart glade for den trøysta det gav.
32 Judas og Silas, som sjølve var profetar, tala ofte til brørne, sette mot i dei og styrkte dei.
33 Då dei hadde vore der ei tid, lét brørne dei fara heim att og ynskte dei lukke på ferda.