31 Dei las det og vart glade for den trøysta det gav.
32 Judas og Silas, som sjølve var profetar, tala ofte til brørne, sette mot i dei og styrkte dei.
33 Då dei hadde vore der ei tid, lét brørne dei fara heim att og ynskte dei lukke på ferda.
34 Men Silas rådde seg til å vera att.
35 Men Paulus og Barnabas gav seg til i Antiokia og lærte og forkynte Herrens ord saman med mange andre.
36 Då det leid av ei tid, sa Paulus til Barnabas: «Lat oss fara attende og vitja brørne i alle dei byane der vi har forkynt Herrens ord, og sjå korleis det går dei.»
37 Barnabas ville ta Johannes med, han som dei kalla Markus.