1 Dei la vegen om Amfipolis og Apollonia og kom til Tessalonika. Der hadde jødane ei synagoge,
2 og Paulus gjekk dit, som han var van. Tre sabbatsdagar på rad tala han med dei ut frå skriftene.
3 Han forklara og la ut for dei at Messias laut lida og stå opp frå dei døde, og sa: «Det er Jesus, han som eg forkynner, som er Messias.»
4 Nokre av dei vart overtydde og gav seg i lag med Paulus og Silas. Det same gjorde ein stor flokk grekarar, av dei som trudde på Israels Gud, og ikkje få av dei fremste kvinnene.
5 Dette gjorde jødane arge i hugen, og dei fekk med seg nokre ringe karar av dei som gjekk og slong på torget, og laga eit opplaup som sette byen i røre. Dei storma mot huset til Jason og leita etter dei og ville føra dei ut til folkehopen.
6 Men då dei ikkje fann dei, drog dei Jason og nokre av brørne med seg til domarane og ropa: «No er dei komne hit òg, desse som har sett heile verda i opprør,
7 og Jason har teke imot dei! Dei gjer alle tvert imot påboda frå keisaren og seier at ein annan, ein som heiter Jesus, er konge.»