15 Dei som fylgde Paulus, var med han til Aten og fór så heim att med det bodet til Silas og Timoteus at dei skulle koma til han snarast råd.
16 Medan Paulus venta på dei i Aten, vart han harm i hugen då han såg at byen var overfylt med gudebilete.
17 I synagoga tala han med jødane og med dei som trudde på Gud, og på torget tala han kvar dag med dei han råka.
18 Nokre epikureiske og stoiske filosofar gav seg i ordskifte med han, og somme sa: «Kva kan han vel meina, denne pratmakaren?» Andre sa: «Det er likt til at han forkynner framande gudar.» Det var fordi han forkynte evangeliet om Jesus og oppstoda.
19 Så tok dei Paulus med seg opp på Areopagos og sa: «Kan vi få vita kva slag ny lære det er du kjem med?
20 Det er då underlege ting du lèt oss få høyra; difor ville vi gjerne få vita korleis det kan ha seg med dette.»
21 For korkje atenarane sjølve eller utlendingane som budde der, gav seg tid til anna enn å fortelja og spørja nytt.