24 Gud som har skapt verda og alt som i henne er, han som er herre over himmel og jord, han bur ikkje i tempel som er bygde med hender,
25 og lèt seg ikkje tena av menneskehender, som om han skulle trenga noko, han som gjev alle liv og ande og alle ting.
26 Han lét alle folkeslag, som er ætta frå eitt menneske, busetja seg over heile jorda, og han sette faste tider for dei og grenser mellom bustadene deira.
27 Det gjorde han for at dei skulle leita etter Gud, om det kunne lukkast for dei å kjenna seg fram til han og finna han, endå han ikkje er langt borte frå nokon av oss.
28 For i han er det vi lever og rører oss og er til, som òg nokre av dykkar eigne diktarar har sagt: «For vi er hans ætt.»
29 Er vi då Guds ætt, så må vi ikkje tru at guddomen liknar eit bilete av gull eller sølv eller stein, som menneskekunst eller mennesketanke har forma.
30 Til denne tid har Gud hatt tol med vankunna; men no byd han at alle menneske, kvar dei så er, skal venda om.