28 For i han er det vi lever og rører oss og er til, som òg nokre av dykkar eigne diktarar har sagt: «For vi er hans ætt.»
29 Er vi då Guds ætt, så må vi ikkje tru at guddomen liknar eit bilete av gull eller sølv eller stein, som menneskekunst eller mennesketanke har forma.
30 Til denne tid har Gud hatt tol med vankunna; men no byd han at alle menneske, kvar dei så er, skal venda om.
31 For han har fastsett ein dag då han vil døma verda med rettferd, og til det har han etla ein mann. Det har han prova for alle med å reisa han opp frå dei døde.
32 Men då dei høyrde at døde menneske skulle stå opp att, var det somme som spotta; men andre sa: «Vi vil gjerne høyra meir av deg om dette ein annan gong.»
33 Så gjekk Paulus frå dei.
34 Men det var nokre som heldt seg til han og kom til tru. Mellom dei var Dionysios, ein av Areopagos-domarane, og ei kvinne som heitte Damaris, og nokre andre.