25 Apollos hadde fått opplæring om Herrens veg, og brennande ihuga som han var, forkynte og lærte han rett og reint om Jesus, endå han berre kjende Johannes-dåpen.
26 Han tok til å tala fritt og ope i synagoga, og der fekk Priskilla og Akvilas høyra han. Dei tok seg av han og gav han grundigare kjennskap til Guds veg.
27 Sidan fekk han hug å fara over til Akaia, og brørne talde han til det; dei skreiv til læresveinane der at dei måtte ta vel imot han. Då han kom dit, vart han til stor hjelp for dei som ved Guds nåde hadde kome til tru.
28 For med stor kraft sette han jødane til veggs når han i ope ordskifte prova ut frå skriftene at Jesus var Messias.