9 Ei natt sa Herren til Paulus i eit syn: «Ver ikkje redd! Du skal ikkje teia, men tala!
10 Eg er med deg, og ingen skal leggja hand på deg eller gjera deg noko vondt; for eg har mykje folk i denne byen.»
11 Så vart han buande der i eit år og seks månader og lærte dei Guds ord.
12 Medan Gallio var fylkeshovding i Akaia, slo jødane seg saman mot Paulus og drog han fram for domstolen.
13 «Denne mannen,» sa dei, «lokkar folk til å dyrka Gud på ein måte som er i strid med lova.»
14 Paulus ville nett ta ordet då Gallio sa til jødane: «Hadde det vore eit brotsverk eller eit skarvestykke det galdt, då hadde eg hatt grunn til å høyra med tolmod på dykk, jødar.
15 Men er det strid om ei lære og om namn og om dykkar eiga lov, så får de greia opp med det sjølve. Eg vil ikkje vera domar i slike saker.»