1 Medan Apollos var i Korint, drog Paulus gjennom innlandet og kom til Efesos. Der møtte han nokre læresveinar
2 og spurde dei: «Fekk de Den Heilage Ande då de kom til tru?» «Nei,» svara dei, «vi har ikkje eingong høyrt at det er nokon Heilag Ande.»
3 «Kva dåp vart de då døypte med?» spurde han. «Med Johannes-dåpen,» svara dei.
4 Då sa Paulus: «Dåpen åt Johannes var ein omvendingsdåp, og medan han døypte, sa han til folket at dei skulle tru på den som kom etter han, og det er Jesus.»
5 Då dei høyrde det, lét dei seg døypa til namnet åt Herren Jesus.