18 Mange av dei truande kom og skrifta og fortalde kva dei hadde gjort.
19 Og mange av dei som hadde fare med svartekunster, kom med bøkene sine og brende dei medan alle såg på. Dei rekna ut kva bøkene var verde, og kom til at det var 50 000 sølvpengar.
20 Såleis hadde Herrens ord sterk framgang og fekk stor makt.
21 Då alt dette var fullført, sette Paulus seg føre å fara gjennom Makedonia og Akaia og heilt til Jerusalem. Og han sa: «Når eg har vore der, må eg vitja Roma òg.»
22 Så sende han to av hjelpesmennene sine, Timoteus og Erastus, til Makedonia; sjølv drygde han endå ei tid i Asia.
23 På den tid vart det eit stort oppstyr om Herrens veg.
24 Ein sølvsmed som heitte Demetrius, laga Artemis-tempel av sølv og hjelpte handverkarane til god inntekt.