3 «Kva dåp vart de då døypte med?» spurde han. «Med Johannes-dåpen,» svara dei.
4 Då sa Paulus: «Dåpen åt Johannes var ein omvendingsdåp, og medan han døypte, sa han til folket at dei skulle tru på den som kom etter han, og det er Jesus.»
5 Då dei høyrde det, lét dei seg døypa til namnet åt Herren Jesus.
6 Og då Paulus la hendene på dei, kom Den Heilage Ande over dei, og dei tala i tunger, og dei tala profetisk.
7 Det var om lag tolv menn i alt.
8 Sidan gjekk han til synagoga, og der tala han med stort frimod i tre månader; han samtala med folk og overtydde dei om Guds rike.
9 Men det var nokre som gjorde seg harde og ikkje ville tru; dei lasta «vegen» medan alle høyrde på. Då braut Paulus med dei og fekk læresveinane til å halda seg borte frå dei, og sidan hadde han kvar dag samtalar i Tyrannus-skulen.