34 Men då dei skjøna at han var jøde, skreik dei alle i kor i to samfulle timar: «Stor er Artemis, efesargudinna!»
35 Til sist greidde byskrivaren å roa folkehopen og sa: «Efesarar, finst det noko menneske som ikkje veit at efesarbyen er sett til å ta vare på templet åt den store Artemis og biletet hennar, det som har falle ned frå himmelen?
36 Dette kan ingen nekta, og difor bør de no vera rolege og ikkje fara for brått fram.
37 No har de ført hit desse mennene som korkje er tempelranarar eller har spotta gudinna vår.
38 Vil Demetrius og handverkarane hans reisa sak mot nokon, så har vi dei vanlege rettsmøta, og vi har våre fylkeshovdingar; partane kan stemna kvarandre for retten.
39 Og har de noko anna å krevja, skal det verta avgjort på det lovlege folketinget.
40 Etter det som har hendt i dag, kan vi lett verta klaga for opprør. Og vi har ingen ting å visa til når vi vert kravde til rekneskap for dette oppstyret.» Med så sagt fekk han folkehopen til å skiljast.