13 Men Paulus svara: «Kvifor græt de og gjer meg tung om hjarta? Eg er budd, ikkje berre til å la meg binda, men òg til å døy i Jerusalem for namnet åt Herren Jesus.»
14 Og sidan han ikkje lét seg overtelja, slo vi oss til ro og sa: «Herrens vilje råde!»
15 Då desse dagane var lidne, gjorde vi oss ferdige og drog opp til Jerusalem.
16 Nokre av læresveinane i Cæsarea slo lag med oss og fylgde oss til Mnason frå Kypros, ein av dei aller fyrste læresveinane; hjå han skulle vi bu.
17 Då vi kom til Jerusalem, tok brørne imot oss med glede.
18 Dagen etter gjekk Paulus saman med oss til Jakob, og dit kom alle dei eldste.
19 Han helsa på dei og fortalde nøye om det Gud hadde bruka han til å gjera mellom heidningane.