16 Nokre av læresveinane i Cæsarea slo lag med oss og fylgde oss til Mnason frå Kypros, ein av dei aller fyrste læresveinane; hjå han skulle vi bu.
17 Då vi kom til Jerusalem, tok brørne imot oss med glede.
18 Dagen etter gjekk Paulus saman med oss til Jakob, og dit kom alle dei eldste.
19 Han helsa på dei og fortalde nøye om det Gud hadde bruka han til å gjera mellom heidningane.
20 Då dei høyrde det, lova dei Gud. Men så sa dei til han: «Du veit, bror, at mange tusen jødar er komne til tru, og alle held dei strengt på lova.
21 Men no har dei høyrt om deg at du lærer alle jødar som bur mellom heidningane, å venda seg frå Moses, og seier at dei ikkje skal omskjera borna sine og ikkje leva etter dei gamle skikkane.
22 Kva skal vi gjera? Alle kjem til å få høyra at du er komen.