2 Der fann vi eit skip som skulle over til Fønikia. Vi gjekk om bord og la ut att.
3 Då vi fekk Kypros i syne, heldt vi til høgre for øya og siglde mot Syria. I Tyrus la vi til lands; for der skulle skipet lossa.
4 Vi leita opp læresveinane og vart verande der i sju dagar. Drivne av Anden sa dei til Paulus at han ikkje måtte fara opp til Jerusalem.
5 Då vi hadde vore der dei dagane til endes, heldt vi fram på ferda. Alle fylgde oss ut or byen, med koner og born. På stranda bøygde vi kne og bad.
6 Sidan sa vi farvel til kvarandre; vi gjekk om bord i skipet, og dei vende heim att til seg.
7 Så fór vi frå Tyrus til Ptolemais og hadde då enda sjøferda. Vi helsa på brørne der og var ein dag hjå dei.
8 Dagen etter drog vi derifrå og kom til Cæsarea. Der tok vi inn hjå evangelisten Filip, ein av dei sju, og vart buande hjå han.