21 Men no har dei høyrt om deg at du lærer alle jødar som bur mellom heidningane, å venda seg frå Moses, og seier at dei ikkje skal omskjera borna sine og ikkje leva etter dei gamle skikkane.
22 Kva skal vi gjera? Alle kjem til å få høyra at du er komen.
23 Gjer no det vi seier deg. Her er fire menn som har bunde seg med ein lovnad.
24 Ta dei med deg, og lat deg reinsa saman med dei. Og ber du kostnaden for dette, så dei kan klyppa håret sitt. Då skjønar alle at det ikkje er noko i det dei har høyrt om deg, men at du òg lever så at du held lova.
25 Når det gjeld dei heidningkristne, har vi skrive til dei og sagt at dei skal halda seg frå offerkjøtet åt heidningane, frå blod, frå kjøt av strøypte dyr og frå hor.»
26 Dagen etter tok Paulus mennene med seg og lét seg reinsa saman med dei. Sidan gjekk han opp i templet og sa frå når reinsingsdagane var ute og offeret for kvar av dei skulle berast fram.
27 Då det leid mot slutten av dei sju dagane, fekk nokre jødar frå Asia sjå han på tempelplassen. Dei øste opp heile folkehopen, la hand på han