26 Dagen etter tok Paulus mennene med seg og lét seg reinsa saman med dei. Sidan gjekk han opp i templet og sa frå når reinsingsdagane var ute og offeret for kvar av dei skulle berast fram.
27 Då det leid mot slutten av dei sju dagane, fekk nokre jødar frå Asia sjå han på tempelplassen. Dei øste opp heile folkehopen, la hand på han
28 og skreik: «Israelittar, kom og hjelp! Her er den mannen som lærer alle, kvar han kjem, slikt som er imot folket og lova og denne staden. No har han jamvel teke grekarar med seg inn i templet og vanhelga denne heilage staden.»
29 For dei hadde alt sett Trofimus frå Efesos saman med han i byen, og så trudde dei at Paulus hadde teke han med seg til templet.
30 Uroa breidde seg over heile byen, og folk stima saman. Dei tok Paulus og drog han ut frå tempelplassen, og med det same vart portane stengde.
31 Dei heldt mest på å slå han i hel då kommandanten for garnisonen fekk melding om at heile Jerusalem var i ei røre.
32 Han tok straks med seg soldatar og offiserar og sprang ned til dei. Då dei såg kommandanten og soldatane, heldt dei opp med å slå Paulus.