35 Men då dei kom til troppa, trengde hopen så hardt på at soldatane laut bera han;
36 for heile folkemengda fylgde etter og skreik: «Drep han!»
37 Då dei skulle til å gå inn i borga, sa Paulus til kommandanten: «Får eg lov til å tala eit ord med deg?» Han svara: «Kan du gresk?
38 Så er du då ikkje den egyptaren som for ei tid sidan gjorde opprør og førte dei fire tusen knivstikkarane ut i øydemarka?»
39 «Eg er ein jøde,» sa Paulus, «og høyrer heime i Tarsus, denne velkjende byen i Kilikia. Eg bed deg: Lat meg få tala til folket!»
40 Det fekk han lov til, og Paulus steig fram på troppa og gav teikn med handa til folket. Då det vart heilt stilt, tala han til dei på hebraisk: