9 Han hadde fire ugifte døtrer som hadde profetgåve.
10 Som vi no drygde der nokre dagar, kom det ein profet som heitte Agabus, ned frå Judea.
11 Han kom til oss, tok beltet åt Paulus, batt hendene og føtene sine med det og sa: «Så seier Den Heilage Ande: Slik skal jødane i Jerusalem binda den mannen som eig dette beltet, og gje han i hendene på heidningane.»
12 Då vi høyrde det, bad vi Paulus, både vi og dei som budde der, at han ikkje måtte fara opp til Jerusalem.
13 Men Paulus svara: «Kvifor græt de og gjer meg tung om hjarta? Eg er budd, ikkje berre til å la meg binda, men òg til å døy i Jerusalem for namnet åt Herren Jesus.»
14 Og sidan han ikkje lét seg overtelja, slo vi oss til ro og sa: «Herrens vilje råde!»
15 Då desse dagane var lidne, gjorde vi oss ferdige og drog opp til Jerusalem.