12 Der var det ein from mann, Ananias, som heldt seg etter lova og hadde godt ord på seg hjå alle jødane som budde der.
13 Han kom til meg og stod framfor meg og sa: «Saul, bror, du skal få att synet!» Og i same stunda fekk eg att synet og kunne sjå han.
14 Då sa Ananias: «Han som er Gud åt fedrane våre, har valt deg ut til å kjenna hans vilje og sjå Den Rettferdige og høyra røysta frå hans munn.
15 For du skal vera hans vitne for alle menneske om det du har sett og høyrt.
16 Og no, kvifor dryer du? Kom og lat deg døypa og få syndene dine vaska av, medan du kallar på hans namn!»
17 Sidan, då eg var komen attende til Jerusalem og bad i templet, kom det ei bortrykking på meg.
18 Eg såg han, og han sa til meg: «Skunda deg! Far bort frå Jerusalem så snøgt du kan! For dei kjem ikkje til å ta imot vitnemålet ditt om meg.»