2 Då dei høyrde at han tala til dei på hebraisk, vart det endå stillare.
3 Eg er ein jøde, sa han, fødd i Tarsus i Kilikia, men oppvaksen her i byen. Ved Gamaliels føter har eg sete og fått grundig opplæring i fedrelova, og eg var like ihuga for Gud som de alle er det i dag.
4 Eg har bunde både menn og kvinner og fått dei kasta i fengsel, ja, til døden har eg forfylgt dei som heldt seg til denne læra.
5 Det kan øvstepresten og heile Rådet stadfesta. Dei gav meg jamvel brev med til brørne i Damaskus, og eg drog dit for å føra dei som var der, i lekkjer til Jerusalem og få dei straffa.
6 Men då eg var på vegen og alt var komen bort imot Damaskus, hende det brått ved middagstid at eit sterkt ljos frå himmelen stråla ikring meg.
7 Eg stupte til jorda, og høyrde ei røyst som sa: «Saul, Saul, kvifor forfylgjer du meg?»
8 «Kven er du, Herre?» spurde eg. Han sa til meg: «Eg er Jesus frå Nasaret, han som du forfylgjer.»