27 Kommandanten gjekk ut til Paulus og sa: «Sei meg, er du romersk borgar?» «Ja,» svara han.
28 «Eg har kjøpt denne borgarretten for ein stor pengesum,» sa kommandanten. «Eg er fødd til han,» svara Paulus.
29 Dei som skulle forhøyra han, gjekk då frå han med ein gong. Og kommandanten vart redd då han skjøna at han hadde bunde ein romersk borgar.
30 Dagen etter ville kommandanten ha full greie på kva det var jødane klaga han for. Difor løyste han Paulus or lekkjene, og baud at overprestane og heile Rådet skulle koma saman. Så henta han Paulus og førte han fram for dei.