8 «Kven er du, Herre?» spurde eg. Han sa til meg: «Eg er Jesus frå Nasaret, han som du forfylgjer.»
9 Dei som var med meg, såg ljoset, men høyrde ikkje målet av han som tala til meg.
10 «Kva skal eg gjera, Herre?» spurde eg. Og Herren svara: «Reis deg opp og gå inn i Damaskus! Der skal dei seia deg alt det du er etla til å gjera.»
11 Eg kunne ikkje sjå, så sterk hadde glansen av ljoset vore. Men dei som var med meg, tok meg i handa og leidde meg, og såleis kom eg til Damaskus.
12 Der var det ein from mann, Ananias, som heldt seg etter lova og hadde godt ord på seg hjå alle jødane som budde der.
13 Han kom til meg og stod framfor meg og sa: «Saul, bror, du skal få att synet!» Og i same stunda fekk eg att synet og kunne sjå han.
14 Då sa Ananias: «Han som er Gud åt fedrane våre, har valt deg ut til å kjenna hans vilje og sjå Den Rettferdige og høyra røysta frå hans munn.