10 Striden vart så hard at kommandanten ottast dei kunne slita Paulus sund. Difor baud han soldatane gå ned og riva han ut or hendene deira og føra han inn i borga.
11 Natta etter stod Herren framfor han og sa: «Ver frimodig! Som du har vitna om meg i Jerusalem, skal du vitna i Roma òg.»
12 Då det vart dag, slo jødane seg saman, og svor på at dei korkje skulle eta eller drikka før dei hadde drepe Paulus.
13 Meir enn førti mann var med i denne samansverjinga.
14 Dei gjekk til overprestane og dei eldste og sa: «Vi har svore på at vi ikkje skal smaka mat før vi har drepe Paulus.
15 Send no de i lag med Rådet ei fråsegn til kommandanten og bed han senda han til dykk. Lat som om de vil granska saka hans nøgnare. Så står vi ferdige til å rydja han or vegen før han kjem fram.»
16 Men systerson til Paulus fekk høyra om denne løynde planen, og han gjekk opp i borga og fortalde det til Paulus.