23 Så kalla han til seg to av offiserane og sa: «Ta 200 soldatar, 70 hestfolk og 200 lettvæpna menn, og lat dei halda seg ferdige til å fara til Cæsarea etter den tredje timen i natt!
24 Og syt for ridedyr, så dei kan få Paulus trygt fram til landshovdingen Feliks!»
25 Så skreiv han dette brevet:
26 Claudius Lysias helsar den høgvørde landshovdingen Feliks.
27 Denne mannen hadde jødane gripe og heldt på å gjera ende på han; men då eg fekk vita at han var romersk borgar, kom eg med soldatane og berga han.
28 Som eg no gjerne ville få greie på kva det var dei klaga han for, førte eg han fram for Rådet deira.
29 Eg fann då ut at klagemålet mot han galdt nokre spørsmål i lova deira, og at han ikkje var skulda for noko som han kunne dømast frå livet eller setjast i fengsel for.