28 Som eg no gjerne ville få greie på kva det var dei klaga han for, førte eg han fram for Rådet deira.
29 Eg fann då ut at klagemålet mot han galdt nokre spørsmål i lova deira, og at han ikkje var skulda for noko som han kunne dømast frå livet eller setjast i fengsel for.
30 Men sidan eg har fått melding om at dei har planlagt eit åtak på mannen, sender eg han til deg. Og eg har sagt frå til klagarane at dei får venda seg til deg i denne saka.
31 Soldatane gjorde som dei var føresagde: Dei tok Paulus med seg til Antipatris om natta.
32 Dagen etter vende dei attende til borga og lét hestfolket fara lenger med han.
33 Så snart dei kom til Cæsarea, lét dei landshovdingen få brevet og førte Paulus fram for han.
34 Han las brevet og spurde kva provins han var ifrå. Og då han fekk vita at det var Kilikia,