4 «Skjeller du ut Guds øvsteprest?» sa dei som stod der.
5 «Eg visste ikkje, brør, at han er øvsteprest,» svara Paulus. «For det står skrive: Ein hovding i folket ditt skal du ikkje skjella ut.»
6 Som no Paulus visste at somme av dei som sat i Rådet, var saddukearar og somme farisearar, ropa han ut: «Brør, eg er farisear og av farisearætt. Og eg vert klaga fordi eg har den vona at dei døde skal stå opp.»
7 Ikkje før hadde han sagt det, så vart det strid mellom farisearar og saddukearar, og flokken kløyvde seg.
8 For saddukearane seier at det ikkje er noka oppstode, og at det ikkje finst englar og ånder, men farisearane lærer alt det.
9 No vart det mykje skrik, og nokre av dei skriftlærde frå farisearflokken reiste seg og la sterkt imot: «Vi finn ikkje noko gale hjå denne mannen. Tenk om det var ei ånd eller ein engel som tala til han?»
10 Striden vart så hard at kommandanten ottast dei kunne slita Paulus sund. Difor baud han soldatane gå ned og riva han ut or hendene deira og føra han inn i borga.