1 Tre dagar etter at Festus var komen til provinsen, drog han frå Cæsarea og opp til Jerusalem.
2 Overprestane og dei fremste av jødane møtte då fram hjå han med klagemål mot Paulus. Og dei bad han
3 gjera dei den tenesta å senda Paulus til Jerusalem; for dei ville leggja seg på lur og drepa han på vegen.
4 Men Festus svara at Paulus skulle haldast i varetekt i Cæsarea, og at han sjølv snart skulle attende dit.
5 «Så kan dei av dykk som har fullmakt til det,» sa han, «vera med og leggja fram klagemålet, om det då er noko gale med mannen.»