12 Vi gjekk inn til Syrakus og låg der i tre dagar.
13 Derifrå siglde vi langs kysten og kom til Regium. Dagen etter fekk vi sønnavind og kom på to dagar til Puteoli.
14 Der råka vi nokre brør, som bad oss vera hjå dei ei vekes tid. Så fór vi til Roma.
15 Brørne der hadde høyrt om oss og møtte oss heilt ute ved Forum Appii og Tres Tabernæ. Då Paulus såg dei, takka han Gud og fekk nytt mot.
16 Då vi var komne inn i Roma, fekk Paulus lov til å bu for seg sjølv saman med den soldaten som heldt vakt over han.
17 Tre dagar etter kalla han saman dei fremste av jødane i byen. Då dei var samla, sa han til dei: «Brør! Eg har ikkje gjort noko gale mot folket vårt eller brote dei skikkane vi har frå fedrane. Men endå vart eg sett fast i Jerusalem og gjeven i hendene på romarane.
18 Då dei hadde forhøyrt meg, ville dei gje meg fri, av di eg ikkje hadde gjort noko som eg kunne dømast frå livet for.