18 Då dei hadde forhøyrt meg, ville dei gje meg fri, av di eg ikkje hadde gjort noko som eg kunne dømast frå livet for.
19 Men jødane sette seg imot det; difor vart eg nøydd til å anka til keisaren. Men det gjorde eg ikkje for å føra klagemål mot mitt eige folk.
20 Difor har eg bede dykk koma hit, så eg kan få møta dykk og tala med dykk. For det er Israels von som gjer at eg går med desse lekkjene.»
21 Dei svara: «Vi har ikkje fått noko brev om deg frå Judea. Heller ikkje har nokon av brørne kome hit og fortalt eller sagt noko vondt om deg.
22 Men vi vil gjerne høyra av deg kva du meiner. For om denne sekta veit vi at ho møter motstand alle stader.»
23 Dei avtala ein dag med han og kom så til han der han budde; dei var då endå fleire enn førre gongen. Frå morgon til kveld la han så ut for dei, vitna om Guds rike og freista å vinna dei for trua på Jesus, både ut frå Moselova og profetane.
24 Nokre av dei lét seg overtyda av det han sa, andre var vantruande.