27 For hjarta åt dette folket ¬er hardt;tungt høyrer dei med øyro,og augo har dei late att,så dei ikkje ser med augoeller høyrer med øyroeller skjønar med hjartaog vender om,så eg får lækja dei.
28 Så skal de vita at denne Guds frelse er send til folkeslaga. Og dei kjem til å høyra.»
29 Då han hadde sagt dette, gjekk jødane bort medan dei ordskiftest hardt med kvarandre.
30 Sidan budde Paulus to fulle år i eit hus han hadde leigt. Han tok imot alle som kom til han,
31 og med stort frimod forkynte han Guds rike og lærte om Herren Jesus Kristus; det var ingen som hindra han.